Pinnekjøt

Enklare mat kan du nesten ikkje laga.

Du bør berekna 400 gram pinnekjøt, 500 g kålrot og 200 g potet* per person.

Vatna ut pinnekjøtet ca eit døgn før du skal koka.  Å vatna ut betyr at du fyller ei gryte eller liknande med kjøtet og slår kaldt vatn på. Byt gjerne vatn undervegs. Når du skal begynna å koka slår du vatnet ut og fyller på friskt vatn. Du treng ikkje salta kokevatnet!

Kok opp pinnekjøtet på høg varme. Kok det vidare på svak varme i 3 timar. Viss du vil kan du ta kjøtet over på langpanne og grilla det i steikomnen på 220 grader i nokre få minutt. Dette er for å få tørka og sprøa kjøtet litt, men det er absolutt ikkje nødvendig.

Når det er 1 – 1 1/2 time att bør du begynna på poteter og kålrotstappa (jo meir stappe du skal ha, jo betre tid bør du berekna).

Skrell kålrot og skjær i terningar. Kok kålrota til den er mør. Slå vatnet av. Stapp med potetstappar. Ha i 1 ss meierismør per kilo kålrot mens du stappar. Smak til med meir smør og salt og peppar, viss det trengst. Til fint kan du godt ha oppi ein skvett fløte og røre godt inn. Du kan også spe stappa med eit par kokte gulrøter og ei kokt potet, det gjer ho litt fyldigare.

Kok poteter som vanleg.

Sil av skyen du har kokt kjøtet i og server som saus.

* Eigentleg er det 150 gram potet ein reknar per person som tilbehør til middag. Men: me er bønder, me set pris på eit godt måltid med MYKJE poteter, så etter vår målestokk er 200 gram eigentleg ikkje meir enn det må Vera. Lokale kokkar som har jobba i byen seier dei anbefaler å rekna dobbel mengde poteter når bønder er på byen.


Posted

in

by

Comments

Legg att eit svar