Koka krabbe

Å koka krabbe er eigentleg svært, svært enkelt. Kok opp vatn med salt. Ta krabben i bakre klør og hald deg unna framklørne. Legg krabben i kokande vatn og legg gjerne fleire oppi ei gryte. Men stapp ikkje gryta for full, for då avkjølar du vatnet, og det vil du ikkje.

Du treng:

  • Vatn
  • 50 g salt per liter vatn

Kok godt i 20-25 minutt, gjerne litt lenger viss krabbane er svære. Ta krabbane ut av kokevatnet til slutt og avkjøl dei litt på benken eller skyll dei i iskaldt vatn ei stund før du set dei kaldt til det er tid for å smaka.


Posted

in

by

Tags:

Comments

Legg att eit svar