Sjokolademoussekake

Nøttebotn:

  • 120 g malte mandlar eller mandelmjøl
  • 270 g melis
  • 75 g kveitemjøl
  • 25 g kakao
  • 1/2 ts bakepulver
  • 5 eggekvitar
  • 200g smelta smør

Rør saman det tørre og sikt det. Ha i eggekvitar og smør og rør dette saman. Smør ei 22 cm for og dekk den med bakepapir. Steik røra i 45 minutt på 160 grader. Avkjøl i 5 minutt før du tar botnen ut av forma og legg den på rist.

Sjokolademousse:

1 vaniljestang

400 g mørk sjokolade 50%

100 g sjokolade 70%

5 dl kremfløyte

Del vaniljestanga og skrap ut frøa. Grovhakk sjokolade. Ha sjokolade og vaniljefrø i ein bolle og smelt dette over eit vannbad. Avkjøl litt.

Kle kakeforma med bakepapir. Legg den kalde botnen i forma. Visp krem og vend i sjokoladen. Ha dette over botnen og sett det i kjøleskapet. La den stå nokre timar til den har stivna. Kaka skal serverast heilt kald.

Server med piska krem og litt friske bær.

 

Oppskrifta har me frå bladet Vin & Mat.


Posted

in

by

Tags:

Comments

Legg att eit svar