Fine rundstykke

Dette er ei oppskrift som har blitt til ut av mange andre sine oppskrifter, som feks denne.

Gjærdeig til heving
Hevinga er det viktigaste for å få eit godt resultat, seier farmor.

Til 24 store og saftige rundstykke:

  • 4 dl mjølk
  • 120 g smør
  • 4 dl varmt vatn
  • 2 ss sukker
  • 2 ts salt
  • 100 g gjær
  • ca 1,5 kg kveitemjøl

Smelt smør i mjølka, avkjøl litt men ikkje mykje. Ha mjølkeblandinga og det varme vatnet oppi bakebollen. Ha oppi sukker og salt og rør på låg hastigheit.

Hiv oppi ca 2-3 dl av mjølet og gjæra (tørr eller fersk) og hald maskina gåande på låg fart. La den gå litt, og så bryjar du spe med resten av mjølet mens maskina eltar for deg. Spe til du har fått ein deig som er mjuk og fin, ikkje for fast. Det er ikkje sikkert du treng bruka alt mjølet! Du lærer deg etter kvart når ein deig er god nok.

Så set du deigen til heving til han er dobbelt så stor. Det er viktig å ikkje ha vindauga oppe og mykje trekk i eit rom der deig står til heving, og det er viktig å ha tålmod nok til å venta på at deigen skal heva godt. Den beste gjærbaksten er den som har fått heva godt og lenge, det har farmora dykkar lært meg. I og med at væska du bruker er så pass varm vil det truleg gå fort med denne deigen.

Nå kan du ta deigen ut av bakebollen. Set omnen på 200 grader. Trill ut 24 rundstykke og legg dei på papirkledd steikebrett til etterheving. Viss kjøkkenet ditt er godt og varmt treng dei sikkert ikkje meir enn 20-30 minutt på etterhevinga.

Steik midt i omnen i ca 17 minutt. Avkjøl på rist. Gjærbakst må vera heilt avkjølt før han går i frysaren.


Posted

in

by

Tags:

Comments

Legg att eit svar