svenskekaker til jul

Svenskekaker – julekaker

Svenskekaker fekk me hjå farmora mi i Rendalen til jul. Dette er nesten som brune pinnar – bare ennå betre! Og superenkelt å lage. Du tar:

600 g mjøl
400 g sukker
400 g smør (la det stå ute ei stund først)
4 ts natron
4 ts vaniljesukker
4 ts lys sirup

Alt dette tar du oppi ein bolle og bruker hendene til å knø saman. Hald på til du får ein feit og fin deig. Del deigen i åtte, og rull kvar del ut til ei pølse. Pølsene legg du to og to på bakebrett. Klem dei litt ut med fingrane (ikkje for tynt). Steik ca 17 minutt på 170 grader.

Skjær kakene opp i pinner med ein gong du tar dei ut av omnen. La dei så ligga og avkjøle seg på rist, slik at dei er heilt kalde og harde når du tar dei oppi kakebomma.

Oppskrifta me har brukt er denne.


Posted

in

by

Tags:

Comments

Legg att eit svar