sandnøtter

Sandnøtter – eller gaffelkaker

Desse laga me på to måtar: Pensla med egg og strødde perlesukker på før steiking / utan egg og sukker. Trur me held oss til den usukra varianten (bildet) for framtida, det vart evig søtt nok.

Til 140 gaffelkaker:

24 dl kveitemjøl
8 dl sukker
1 kg smør
2 egg

Hiv alt i kjøkkenmaskina og elt på låg fart (det vart litt tungt for mi maskin, men det var berre å la den gå veldig seint, så greidde den det).

Trill kuler av dei og set dei utover bakebrettet. Ta ein gaffel og trykk kakene ned. Pensle med egg og strø over perlesukker viss du vil. Steik på 200 grader i 10 minutt, midt i omnen. Som alltid: Kjøl kakene godt ned på rist før du legg dei i kakeboksen.


Posted

in

by

Tags:

Comments

Legg att eit svar