Konfektkaker

Konfektkaker

I dag har Mari laga konfektkaker etter farmor si oppskrift:

200 g smør
200 g sukker
2 egg
2 ts bakepulver
400 g hvetemel
200 g kokesjokolade
200 g mandlar

Hakk sjokolade og mandler så det er klart. Rør smør og sukker kvitt. Rør i eitt og eitt egg. Spe med det tørre til du har ein feit og fin deig. Ha oppi sjokolade og mandlar. Set kakene på eit brett med ei skei. Du treng ikkje klemma dei flate, dei vil flyte ut av seg sjølv. Steik i 10 minutt midt i omnen – på 200 grader. Kakene skal Vera litt brune i kantane når du tar dei ut. Avkjøl på rist til dei er heilt kalde, før du legg dei i kakeboksen.


Posted

in

by

Tags:

Comments

Legg att eit svar