Goro – utan kjevling

Etter at me gjekk til innkjøp av elektrisk gorojern innser me at latskap kan vera ein riktig god eigenskap somme gonger. I år vart det derfor goro-røre, ikkje -deig, og me kjem nok aldri til å sjå oss tilbake etter dette. Dei vart kjempegode, og kjempefine, om me må få seia det sjølve! Oppskrifta fann me på Det søte liv.

Halvanna oppskrift:

4,5 egg
3 dl sukker
270 g smør
3 dl kremfløyte
3,75 dl potetmjøl
3,75 dl kveitemjøl
1 ts kardemomme
1 ss konjakk

Smelt smør. Visp eggedosis av egg og sukker. Bland smør og eggedosis. Visp krem av fløyten og vend dette inn. Sikt mjøl og potetmjøl med kardemomme oppi. Ha i konjakken til slutt.
Me byrja steike med ein gong. Ein dæsj røre i kvar av dei tre goro-formene i jernet. Steik til dei er gylne og fine. Løfta va og skjær kakene frå kvarandre med ein gong. Avkjøl godt og legg dei i stabel i kakeboks.


Posted

in

by

Tags:

Comments

Legg att eit svar