Moules frites

Blåskjell

Å koka blåskjell er superenkelt:

  1. Sjekk blåskjellvarselet viss du vil.
  2. Ro ut og hausta blåskjell. I vår svoltne familie kan 3 personar setja til livs 2 kilo blåskjell.
  3. Vask/skrap skjella reine. Riv også av den bustete muskelen som kjem ut av skjellet. Skjell som er opne kokar me ikkje.
  4. Kok/damp blåskjell i ei form for væske til dei opnar seg. Tar 5-10 minutt.
Blåskjell Hebnes
Blåskjell, ferdig skrapa og vaska.

Sist me laga hadde me moules frites. Då hakka me ein lauk og blanka den i smør. Oppi gryta hadde me 2 kg blåskjell i 3 dl øl og 1,5 dl cider og let det koka til skjella hadde opna seg. Etterpå silte me av krafta og let skjella stå i gryta.

Kokar krafta saman med fløte. Det som var att etter at me hadde spist, fraus me ned og har til suppekraft seinare.
Kokar krafta saman med fløte. Det som var att etter at me hadde spist, fraus me ned og har til suppekraft seinare.

I ei ny gryte kokte me opp søet med 1,5 dl fløte og krydra med salt og pepar. Når søet hadde kokt i 5 minutt slo me den over blåskjella att.

Blåskjell suppe
Suppa er klar

Me steikte pommes frites i omnen (triste, tynne kjøpe-pommes frites, dessverre), og serverte dei med aioli til blåskjellsuppa.

Moules frites
Fiks ferdig moules frites

Herlig!

Sjå det som flyt på toppen. Det kokar me ikkje!
Sjå det som flyt på toppen. Det kokar me ikkje!

Posted

in

by

Tags:

Comments

Eitt svar til “Blåskjell”

  1. […] suppe på dei, eller lagar Moules frites som har blitt ein ny favoritt her i heimen. Oppskrifta på Moules frites finn du […]

Legg att eit svar